NE-S er ein frivillig organisasjon og eit senter for sosial gaming og e-sport, stifta i 2022, med føremål om å vere ein inkluderande arena for ALLE med interesse for data- og tv-spel i Valdres. Hos oss skal ALLE kunne oppleve meistring og tilhøyrigheit ved å vere del av eit miljø der menneske møtast på tvers av andre interesser, ferdigheiter eller føresetnader for å spele saman.

NE-S skal tilby regelmessige og forutsigbare treffpunkt der ein kan henge og game saman for å vere sosiale og ha det kjekt, men me skal også legge til rette for at gaminginteresserte i Valdres skal kunne trene og konkurrere innan e-sport individuelt, eller som lag gjennom å representere NE-S.

NE-S har eit topp utstyrt gamingsenter i Vindevegen 6 ved Heggenes, der me tilbyr nytt og oppdatert utstyr med topp speloppleving i gode lokale. Det er også mogleg å slenge seg godt ned i ein sofa og spele dei tradisjonelle og historiske spela som rula verda på 80- og 90-talet. NE-S har som mål at senteret skal vere fullt utstyrt og på den måten gje alle like moglegheiter til å game, uavhengig av økonomi eller andre barrierar. Me vil også jobbe vidare for å skape eit senter som er best mogleg tilrettelagt, slik at alle kan ta del i dette eventyret og kjenne seg likeverdige.

NE-S skal vere ope for alle, der tilboda vert forma etter etterspørsel og engasjement, tilrettelagt for kvar enkelte brukargruppe.

HISTORIE